top of page

Voldingane

Dansebandet "Voldingane" såg dagens lys i april 1996. Bandet starta som ein trio, men har sidan 1999 eksistert som ein duo. Dei to allsidige musikarane som er med er Fred Igland på gitar og song, og Odd Kåre Fløtre på tangentar og song. Som det kjem fram av namnet, så er begge karane heimehøyrande i Volda på Sunnmøre.

 

Både Fred og Odd Kåre har byrja å nærme seg 30 års sceneerfaring. Fred var mellom anna med i det Voldabaserte bandet "Broad Line" som hadde si storheitstid på 80-talet. I desse dagar er for øvrig "Broad Line" å finne på vegane att med reunion-konsertar. Fred var også med å starte opp dansebandet "MIDI". Odd Kåre har spela i mange forskjellige band opp i gjennom åra. "Moonlight" på byrjinga av 90-talet var eit særs populært band der han var vokalist og tangentist.


Fred og Odd Kåre si lange fartstid som musikarar kjem til sin rett i låtuvalet. Her finn du ei uhorveleg mengde stilartar frå dei 60 siste åra. Swing, pop, ballader, rock, viser, irsk musikk... Fellesnemnaren her er at alt er dansbart. Om du er 25 år eller 85 år spelar inga rolle. Likar du å danse er "Voldingane" bandet som får deg på golvet, og der vert du så lenge du har pust. "Voldingane" har også gjennom alle år fått mykje skryt for at dei leverer eit behageleg lydnivå der folk i lokalet kan prate uten å måtte rope til kvarandre.

 

Odd Kåre er også pianotrubadur på heiltid, og det er få, om nokon, som har eit SÅ vidt spekter når det gjeld vokale prestasjonar som han. Andrea Boccelli er det ikkje ofte ein får høyre av eit danseband, men det kan ein risikere å få med "Voldingane". Likeeins femner det vokale samt det musikalske rundt alt i frå Åge Aleksandersen, Vikingarna, Creedence, Elvis Presley... til Abba, Jerry Lee Lewis, Hellbillies, Kris Kristofferson og Vamp. Dette er berre utdrag frå nokon av dei fleire titals artistar dei tek for seg. Alle sjangerar og melodiar med like stor intensitet og innleving.


Ein kveld med "Voldingane" har alltid vore, og vil vere, ei reise i musikkhistoria, der kommunikasjon med- og inkludering av publikum står i fokus. "Voldingane" serverer noko for ein kvar smak. Likar du å danse så har du absolutt noko å sjå fram til med desse to karane bak "spakane".   

bottom of page