Vassendgutane

Pressemelding Vassendgutane 2018

 

”Helane i Taket” er navnet på Vassendgutane sin turne i 2018. Dette vil bli tidenes år for Vassendgutane, som styrer mot den 22. turnesesongen i orkesetet si historie.

 

25 Mai blir ein merkedag i 2018, då kjem det ny plate i butikkane og nytt album på bla. Spotify. Vassendgutane skal ha stort musikkslepp på Kiwihallen i Ørsta 26 Mai der dei nye songane blir presenterte. Vassendgutane er i full aktivitet i sitt studio : Audiofarm, med innspeling av nye songar. Her blir det både fine balladar og fengande allsongar opplyser managementet.

Vi er godt i gang med booking av 2018, mange helger er allereie selde. Dei viktigaste festivaljobbane er allereie plasserte på kalendaren og halljobbar haust og vinter 2018 er under planlegging.

På ”Helane i Taket ” turneen 2018 vil framleis det visuelle inntrykk og det klare gode lydbiletet stå i fokus. Dei nye sangane krydra med Vassendgutane sine store hits, vil sette rammene for konsertane i 2018

 

Primo Februar slepp ”blodfan” Kristian Djupnes sin eigen singel : ”400 Saudehaud” som Vassendgutane har produsert for den populære Farmen deltakaren. Dette er ein fengande melodi som blir urframførd i Bergen 3 februar i Framohallen av Kristian saman med Vassendgutane.

Festcountry vil framleis være VASSENDGUTANE sitt varemerke.

 

På turneliste:www.vassendgutane.no kan du sikre deg billettar til konsertane med eit av Norges beste band, opplyser Vassendgutane sin manager , som også vel å sitera ein av Vassendgutane sine faste arrangørar frå Lindesneshallen: ”No har eg booka Vassendgutane for den sjuande gongen, med fellesnemnar at samtlege konsertar har blitt utselde i god tid før karane er komne fram.”

 

For personlege intervju kontakt med Siw: post@gygre.no 

Kilde: Flan Booking 70177480

Alf Aarseth

Manager

Åpningstider

 

Mandag - fredag 09:30 -16:00

 

Kontakt oss

Mail: kontakt@flan-booking.no

Telefon: 70177480

 

 

Postadresse:

Flan Booking

PB 7500

Spjelkavik

6022 Ålesund

 

Besøksadresse:

Kanalveien 1

6010 Ålesund