top of page

Odd Kåre

Pianotrubadur Odd Kåre Maestro Fløtre spelte sine fyrste organiserte tonar frå orgelkrakken før han kunne skikkeleg å prate. Dette skjedde i den spede barndom heime i Dalsfjorden i Volda kommune. Det vart tidleg klart for både han og andre rundt han at det var utøvande musikk som stod i høgsetet for han, og det var orgel og piano som var favorittinstrumenta. Han lærte seg kva dei forskjellige notane og tonane heitte ved å lytte og sjå på far sin når han spelte. Med andre ord har Maestro lært seg alt sjølv, av det han i dag kan presentere, og det er ikkje reint lite.

Repertoaret er nesten grenselaust. Kjende og ukjende melodiar henta frå dei siste 60 åra får du her, i eit uttal forskjellige variantar og stilretningar. Maestro starta tidleg på 80-talet som tangentist i diverse mindre band, før han vart vokalist og tangentist i bandet "Moonlight". Etter om lag 5 år på vegen med det konseptet gjekk turen til Bergen og finale i Noregsmeisterskapen i Karaoke i 1995. I klassa "beste mannlege vokalist", og i konkurranse med veldi mange andre dyktige vokalistar, stod han til slutt åleine på toppen av sigerspallen. Ein av dommarane i juryen var dåverande manager til Tor Endresen, så dette var stor stas. Etter dette byrja mange steinar og rulle samstundes. Han reiste nord, syd, aust og vest i vårt land og underheldt som Karaoke-vert, DJ, litt Stand-Up og diverse andre festlege ting der musikken stod i fokus. I 1996 vart han spurd om å ta over mikrofonen i dansebandet "Midi". Det takka han ja til og bandnamnet vart skifta til "Voldingane". Denne danseband-duoen har sidan helde på fram til dags dato, og er kanskje meir etterspurde i dag enn nokon gong.

Odd Kåre Maestro Fløtre reiste også ei periode saman med illusjonisten Torgim Holte, der Holte sine Hypno-show vekte stor oppstandelse på 90-talet. Holte sine Hypnoshow i lag med Maestro sine DJ / Karaoke-show vart eit konsept som selde til fulle hus.

Dei siste 16 åra har han altså hatt begge beina stødig planta i underhaldningsbransja, og når han reiser rundt med sitt "One man-show", så vil du måpande registrere at her spenner det vokale og det musikale seg til det ytterste. I eine augneblinken kan du få Jim Reeves si markante bass-stemme, augneblinken etter får du kanskje Dolly Parton, Hanne Boel eller kanskje Elvis Presley, Jahn Teigen eller Johnny Cash på sølvfat, før det dei vakre harmoniane og tonane til eksempelvis Andrea Boccelli vert servert.

Maestro er viden kjend for to ting, og det er stemmeprakt og allsidigheit. Han kan underhalde dei fleste aldersgrupper, og med rundt 800 songar på repertoaret vil ein kveld med han verte ei musikalsk reise i historia. Ein slags "Magical Mystery Tour" der du aldri heilt kan vite kva som skjer.......Dette brukar tidleg ende opp i store allsong-seansar, dansing på og rundt borda, samt salige "lightermelodiar" inn i mellom. Humor står og sterkt i fokus, og det å inkludere publikum er noko av det Maestro alltid legg mest vekt på.

Snart kjem Pianotrubadur Odd Kåre Maestro Fløtre "til eit hus nær deg". Gå ikkje glipp av det !

bottom of page