top of page

Listen to the band

Møre og Romsdal hadde vore ein stillare stad hadde det ikkje vore for Listen to the Band. Firkløveret er stadig å sjå på dei nordvestlandske scenene, i ferd med å spre musikalsk glede på bygdedans, julebord, skipsdåp, revy eller andre eventjobbar. Bandet er eit resultat av reindyrka, gnistrande og smittande speleglede frå første til siste akkord. Bandet tilpassar repertoar og volum etter arrangement og alder på publikum. Den musikalske spennvidda er stor, men dei unngår galant å ramle i svensktopp-fella. Bandet leverer coverlåtar frå tidleg 70-tall og fram til i dag, kjemisk fritt for midifiler og trommer på boks.


Besetning:
Sigbjørn (Siggen) Follestad: Vokal og gitar
Bottolf Lødemel: Keyboards og vokal
Frode Sundnes: Trommer
Atle Braute: Bass og vokal


Artistar på settlistene:
Bjørn Eidsvåg, DumDum Boys, Åge Aleksandersen,
Jan Eggum, Di Derre, Marius Müller, Elton John,
Dance with a Stranger, Jim Stärk, Bryan Adams,
Creedence, Van Morrison, Eagles, Springsteen,
Clapton, Sting, Niklas Strömstedt, James Taylor,
Michael Jackson, Robin Williams.
Og sjølvsagt enda fleir.


Dersom du har gått på swingkurs og vil at andre skal sjå det, får du anledninga her.
Og om du berre tek turen for å koble av, nyte livet og høyre god musikk framført av musikarar som elskar det dei driv med, går du garantert ein god kveld i møte saman med Listen to the Band. Eit særs godt teikn: LttB blir alltid invitert tilbake dit dei tidlegare har spelt.

bottom of page