top of page

Hildegunn & Leif-Per

Noregs mest berømde husmor har begynt å røre på seg igjen.

 

Og mykje har skjedd sidan førre gong Hildegunn og Leif-Per var på tur. Den no 49 år gamle husmora har rukke å bli bestemor, ikkje berre til éin, men til tre. Hildegunn fortel:

- Nei, du skjønar, Brit-Bente - dottera mi, ho har piskadausen greidd å få to ungar med tre ulike menn! Nei, vent litt - tre ungar med to ulike, var det! (...) Nei, forresten - det var tre ungar med tre menn, men han siste typen er så spak av seg, at han nesten ikkje blir lagt merke til.

 

Mykje lyd

Fru Moltubakk av Ulsteinvik avslører imidlertid at barnebarna lagar ein del støy. Sjølv har ho sunke så langt ned i fortvilinga over støynivået at ho er overtydd om at det er ho sjølv som framkallar all støyen:

- Ja, eg trur dei prøver å få meg til bristepunktet. Dei vil sjå kor langt dei kan drive meg før eg klikkar.  Enten det, eller så manglar eg rett og slett bestemor-genet. Eg prøver alt mogleg: vafler, tivoli, tv-sjåing, taco og pizza, men alt dei gjer er å brøle. Det er i alle fall ikkje normalt at ein frukost med tre små ungar skal medføre like mykje støy som frå ei gjennomsnittleg, engelsk fotballtribune. Du kan tru eg gler meg til jul! seier ei lettare fortvila Hildegunn Moltubakk.

Leif-Per

Den litt meir lavmælte taxi-svogeren er sjølvsagt med, og er framleis ein racer på gitar - i tillegg til å inneha kanskje Skandinavias beste Jack Nicholson-imitasjon. Sjølv tek han det med knusande ro, og meiner turnéverksemda er ein fin måte å drive research for drosjekøyringa på:

- I fjor fekk eg ein drosjetur frå Hareid til Dale i Sunnfjord. Det var ein fyr som berre skulle ned og slå opp med dama si. Men eg fekk fullstendig panikk inn i dei nye tunnellane nedi der. Rundkøyring inne i ein tunnell er jo den reinaste galskap!

bottom of page