top of page
Bilde crashville.jpeg
crashville 2.jpg

Crashville

Bygdemusikk frå Ørsta på Sunnmøre!

Det heile starta på ein bygdefest på Vatnevatnet i Ørsta ein varm sommardag, med gitarspel og allsong.

Det gjekk ikkje lange stunda før bandet hadde fått navnet Crashville, og første spelejobben var eit faktum. 

Bandet blei fort ein suksess med fulle turnèlister og høg allsongfaktor på konsertane.

Musikken er fengande bygdefestlåtar om livet på bygda, og virkar å treffe både unge og godt vaksne i bygd og by.

Sommaren 2021 slapp bandet singelen «PØBEL», med påfølgande musikkvideo filma på det legendariske Esso-taket i Ørsta, rånarane sitt mekka.

Låta og musikkvideoen fekk massiv oppmerksomheit blant alle som lika bygdemusikk, og rånerane trykte songen til sitt hjerte. Denne låta om PØBELEN blei bandets første store hit, og er ein stor årsak til at Crashville kan turnère heile Norge på kryss og tverrs! 

Bandet har i dag over 60 000 månedlige lyttere på spotify, og har siste året blitt streamet mange millioner ganger.

På konsert med Crashville kan du forvente stor speleglede, bygdefest-stemning og eit lysshow det gnistrar av! 

Det er bare og la seg rive med…

Dette er gutar som elskar livet på bygda, traktorar og slitne gamle volvo 240’ar.


Når Crashville er ute på veien, er det «Pøblar på tur». 

 

Crashville er:

 

Kent Tandstad

Øystein Nybø

Magne Saure

Sigurd Kårstad Fylling

Even Solheim

bottom of page