Blaa Mixture - blues

Ståle Dimmen & Blaa Mixture er garva musikarar busette på Sunnmøre.
Med Ståle i front, så lirar dei frå seg ny sunnmørsblues på kav dialekt, men også eit knippe udødelege amerikanske klassikarar.

 

Midt i livet har Ståle erfaring frå eit utal spelejobbar. Der har han treft mykje kjekke, rare, snille folk, men også ufordragelig ærlege folk. Gjerne i seine nattetimar då han utsliten etter 20 timar på jobb med køyring rigging og lemping må samle alle krefter og bruke all si pedagogiske røynsle for å forklare at han klarar ikkje å synge Tore Tang fleire gongar. Nei beklagar. Ikkje ein gong til. Umogeleg. Han har erfart at livet på vegen er slitsamt når fjellovergangane er fulle av snøskavlar, når siste ferja er midtfjords på veg heim om natta, og at fjordtarmane på det vakre Vestlandet ikkje er det minste innbydande i storm, regn og sludd på veg til eller frå ein einsleg trubadurjobb, lengst vekke og innst inne i universets største gråstein. 

 

Midt i livet har han dyrekjøpt erfaring som småbonde på økologisk vertikalbruk I Hjartåbygda. Det er hardt å brødfø sine eigne, fellesskapet og alle dei som bed sårt om almisse for sjuke og fattige i fjerne strok. Det dårlege samvitets kamp om midlane mot sårt tiltrengt livsnyting.
Slik vert det blues av. Og Ståle har grave etter røtene langt nede i grunnvollen. Og dei er blå, svarte og litt grå. Ståle Dimmen har dikta tekstar som kan beskrivast som kvardagspoesi. Dei er omslutta av blues, country og rock med litt småfunky vendingar. Ståle har også med sitt faste musikalske fylje gjennom mange år i ulike samanhangar. Karane har teke i eit solid tak og gler seg til å reise kring om i bygdene, over heile det norske land, for å spreie denne sunnmørske bodskapen.

 

Blaa Mixture er: Bjørn Roger Hagen (trommer), Lars Inge Bjørneset (bass) og Peter Demirov (Hammond-orgel og andre tangentar).

Åpningstider

 

Mandag - fredag 09:30 -16:00

 

Kontakt oss

Mail: kontakt@flan-booking.no

Telefon: 70177480

 

 

Postadresse:

Flan Booking

PB 7500

Spjelkavik

6022 Ålesund

 

Besøksadresse:

Kanalveien 1

6010 Ålesund