
Ståle Dimmen
Trubadur Ståle Dimmen har drive som aktiv musikar i no i snart 20 år, og har i tillegg også reist som ”One-man-show”- konsept i 15 år. Ståle Dimmen er no busett i Volda. Ulsteinvikaren har frå 90- talet vore deltakande i hovudsakeleg bluesband og Køntryband, Ståle har 3 CD- utgjeving bak seg, den siste «Vitlaus mannj» (2012) er Blues på sunnmørsdialekt.
Ståle har elles gjort litt studioarbeid til andre artistar. Etter kvart som åra har gått, så har både repertoaret og entertainer- ånda vakse. Ståle reiser over store delar av landet og er godt likt alle stader, noko som viser seg att ved at han stadig kjem attende til dei ulike stadane.
Repertoaret spenner seg over mykje, både av Norsk musikk, Engelske og Amerikanske klassikarar. Desse er nokre av dei som er representerte i repertoaret:
Eng/Am: Bob Dylan, Neil Young, John Hiatt, Bruce Springsteen, U2, Bryan
Adams, Rolling Stones, The Beatles, Train, Oasis, Green Day, Travis, Bon Jovi, Deep Purple, Eagle Eye Cherry, DAD, Creedence, Shawn Mullins...
Norsk: CC Cowboys, De Derre, Hellbillies, Åge Aleksandersen, Terje Tysland, Prima Vera, Bjørn Eidsvåg, Mods, Morten Abel, DDE, DumDumBoys, De Lillos, Jokke & Valentinerne...
Forvent deg ein artist som gir alt!!