top of page

Sunnmøringen med den vittige tunga og dei sylskarpe observasjonane er ein av veteranane i det norske standup-miljøet som slo rot i Oslo på byrjinga av 90-talet. For mange er han òg mannen bak ein av Norges største revysuksessar, nemleg Hildegunn Moltubakk. 

Første gongen Hildegunn og Leif-Per Moltubakk besøkte Rick’s selde dei 13.000 billettar på fem veker! Men denne gongen kjem Fredrik utan Hildegunn, men med eit svært leikent og overraskande show i kofferten - om farskap, kjærleik og skilsmisser - og det å ha 4 ungar med 3 ulike mødre. Ingen kan i alle fall beskulde Fredrik for å drive med innavl! 

Siste året har Fredrik bemerka seg i ei hovudrolle i humorserien «Match» på NRK1, ein serie som har hausta svært gode kritikkar. VG slo til med terningkast 6, og Fredrik sine prestasjonar blei lagt merke til: 

«Steen snakker kommentatorspråket flytende og utviser fantastisk og voldsomt engasjerende faktekunst. (...) Sunnmøringen kunne skapt flammende entusiasme rundt både bussventing, potetskrelling og panteautomater. Send ham gjerne til OL.»

Breaking Dad er Fredrik sitt fjerde soloshow. 
Regi er ved Tom Sterri.

42229155_10157893730357627_8520372739033
bottom of page